På flyttefot

av HusmorNom in mai 17, 2010
Kategorier håndarbeid

Etter å ha hatt blogg her på vgb i mange år, har eg no funne ut at det er på tide å prøve lykka ein annan plass.

Eg føler at eg ikkje får den heilt store responsen her på vgb, og sidan eg i tillegg ikkje får til å koble bloggen opp mot Ravelry, har eg tatt ei avgjersle.

Den nye bloggen min finn du her. Eg håpar du stikk innom!!

Eg kjem nok til å halde bloggen her åpen, og stikk kanskje innom av og til, men eg kjem ikkje til å oppdatere her. Legg gjerne igjen ein kommentar.

Helsing HusmorNom

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Rillestrikka babyjakke

av HusmorNom in mai 8, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:, , ,

Eg fortsetter med å “strikke meg gjennom” boka Strikk til Nøstebarn. :)

Det siste eg har strikka er denne rillestrikka jakka.

DSC02289

Jakka er strikka i Silja-garn frå Spar Kjøp.

DSC02291

Jakka blir knytt saman med bånd som eg hekla av luftmasker, og sydde fast i jakka.

DSC02293

Her er båndet som er på innsida av jakka.

For å pynte opp, hekla eg tre blomar, som eg sydde på den nederste kanten. Eg tenkte fyrst å kanskje sy på ei perle i midten, men så byrja eg å tenke på sikkerheita til dei søte små, og fann ut at det var sikrast å droppe perla. (dessutan har eg ingen rosa perler liggande…) :)

DSC02290

Eg er veldig fornøyd med jakka, og den var veldig kjekk å strikke, spesielt sidan den er strikka ovanfrå og ned. Eg har faktisk ei ny jakke på pinnane no, men den prøver eg å strikke i glattstrikk.

I dag er det nydeleg vær, vinden verkar å ha løya, og det er nok varmt og fint ute på terassen. Det passer fint, sidan det skal vere dugnad i sameiet. Eg burde vera med på dugnaden, sidan eg faktisk sit i styret, men trur du ikkje at eg har blitt sjuk? Jaudå, her sit eg, med verkande hals og hovude, og ei nase som har skrudd opp alle kraner. Bihulene verkar, og formen er rett og slett ganske skral. Eg håpar verkeleg at formen betrar seg til mandag, for eg har verkeleg ikkje tid til å vere sjuk no!!

Eg håpar DU har ei fantastisk helg, og at du kan vere ute og nyte det flotte vårværet!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Sokkar og babykjole

av HusmorNom in mai 2, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:, , ,

I påska fekk eg tak eit nydeleg garn, og det er det no blitt sokkar av. Fine og mjuke.

DSC02286

Eg har også vore flink, og har fått ferdig eit sjal eg begynte på før påske, men det ligg framleis ublokka, og ser derfor meir ut som ein eggekartong enn eit sjal. Ikkje noko særleg å visa fram. 

I mangel på eit skikkeleg “ÅH! Den der MÅ eg strikke-prosjekt”, strikker eg meg gjennom Strikk til Nøstebarn-boka. Eg har strikka mykje frå den før, og no var turen komen til ein enkel kvardagskjole. Denne er strikka i deileg mjuk alpakka.

DSC02288

DSC02287

No held eg på med ei rillestrikka omslagsjakke, også til baby. (nei, eg er ikkje gravid sjølv om eg strikke babyklær!) :)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Nytt forsøk på å bli venn med symaskina

av HusmorNom in april 11, 2010
Kategorier Søm og sying

Stikkord:, ,

Det vart ikkje berre strikking på meg i påsken. Eg gjorde eit nytt forsøk på å bli venn med symaskina. Eg er ikkje heilt sikker på om det var vellykka…

Eg har sett rundt om på forskjellige bloggar at flinke mennesker har sydd om slitte dongeribukser til skjørt. Eg har til og med sett oppskrift på det. Men oppskrifter er som kjent for pyser! :) Eg fann fram ei bukse som var velbrukt og slitt, og klipte litt her, og sydde litt der…

(solbriller kan anbefales før du ser på bilete som kjem no… Bare legger som ikkje har sett sol sidan august ein gong er vel eigentleg ikkje så mykje å vise fram…)

DSC02280

Eg er litt usikker på om eg fekk dette til. Det var vanskelig å få det fint og jevnt, men kanskje eg klarer å manne meg opp til å bruke det til sommaren når leggane har fått litt farge…

Dagen i dag har også blitt brukt framfor symaskina.

Mønster er framleis for pyser, så ein finn fram noko stoff, klipper litt her, og syr litt der…

DSC02282

DSC02283

Eg er ikkje heilt sikker på om eg er fornøyd med denne heller… Dessutan gløymde eg å sy i lomme til mobil og småting… Jaja.. Veska er grei den, og plutselig bruker eg den kanskje.. Eg vurderte ei stund på å lage til ein knapp eller noko for å lukke veska ordentleg, men eg hadde ikkje noko som passa. Kanskje eg pynter den litt seinare.

No skal eg bruke det som er igjen av kvelden i sofaen i selskap med tv, og ei bok. Eg har nemlig ein “guilty pleasure” i helgene,  Tory and Dean in Hollywood! No har eg tatt dette litt lenger, og har faktisk kjøpt både sTORI telling og Mommywood… Den fyrste boka er utlest, og eg er snart halvvegs i den andre… :D Heldigvis har eg ei veninne som også er fascinert av Tori, og ho kan knapt vente med å lese bøkene etter meg.

Har du ein guilty pleasure du vil dele?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Ta med fisk på fisketur

av HusmorNom in april 2, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:,

Husbond er ein (over)ivrig fluefisker, og dei fyrste dagane i påsken vart tilbragt på ei hytte i Sogn. Husbond fiska, eg strikka… :)

Sidan eg er veldig lei av den urstygge hua som husbond bruker på fisketur, er eg stadig på jakt etter ei flottare hue til han. Eg er sikker på at eg har treft blink no! :)

DSC02275

Er ikkje denne hua supertøff? :)

DSC02279

No venter eg berre på bestillingar frå alle fiskekompisane til husbond… :)

Heldigvis fekk eg strikka meir då me var på hytta.

DSC02274

Denne begynte eg på for eit par veker sidan. Det er mitt fyrste forsøk på å strikke bukse. Den er strikka av garn frå lageret mitt, og sjølvsagt hadde eg akkurat litt for lite lilla garn… jaja, dette er berre ein prøve.

DSC02269

Den gamle babydokka mi er villig modell :)

Då eg fyrst dreiv på med babystrikk, fann eg ut at det var på tide å prøve å strikke ei bleiebukse også.

DSC02272

DSC02273

Dessverre oppdaga eg litt for seint, at eg hadde vore litt for ivrig med å strikke 2r2vr… jaja, det er berre ein prøve dette og. :)

Og til dei som trur at eg strikker babyklær av ein grunn… Nope, eg har ingenting i magen som eg ikkje har spist! :)

Resten av påska vil nok også inneholde ein god del strikking. Husbond fisker, eg strikker… :)

God påske alle saman!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Bursdagssjal

av HusmorNom in mars 18, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:,

Systo mi hadde bursdag 2. juledag. Men den som venter på noko godt, venter som kjent ikkje forgjeves.

DSC02262

Sjalet er eit Shetland Triangle, og er strikka i supermjukt, ekstra fin merino ull. Det er mjukt og lett som ein bomullsdott, så eg håper systo som har angst for alt som klør, vert fornøyd. :)

Dessverre kjem ikkje fargane ordentleg fram på bilete. Eg var litt skeptisk til korleis dette kom til å verta medan eg strikka, men heldigvis vart det ikkje så gale når sjalet var ferdig blokka.

Systo er i skrivande stund på veg hit, så gåva vert avlevert iløpet av kvelden.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Fornying i heimen

av HusmorNom in mars 16, 2010
Kategorier Søm og sying, håndarbeid

Stikkord:

I mitt forsøk på å gjere meg til ven med symaskina, var det no på tide å hive seg over putene i sofaen. Etter at gardinene vart skifta, passa liksom ein del av putene ikkje inn lenger. Så: puter som før såg slik ut:

DSC02260

Ser plutselig slik ut:

DSC02259

og slik:

DSC02258

og slik:

DSC02257

Den gode feen seier at det berre er sjarmerande at lappane ikkje går heilt  “i kvarandre”, så eg stoler på ho. :D

Eg er veldig fornøyd med resultatet

 

DSC02256

Det vart så lyst og fint i sofaen atte! :) Putetrekkene er sydd rett utifrå eige hovude, etter prøv og feil teknikken. Dei heilt lyseblå er sydd etter vanleg putetrekk-prinsippet, medan dei med lappane er sydd saman for hånd det siste stykket etter at puta var på plass.

“Lappe-putene” er sydd av sengetøy frå Ikea, medan dei lyseblå er lin og bomullstoff frå Ikea.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Shetlandlue og korger til badet

av HusmorNom in mars 1, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:,

Det flotte sjalet mitt trengte sjølvsagt ei matchande lue!

DSC02228

Dessverre er dette det einaste bilete eg fekk av hua før kameraet gjekk tomt for batteri…

Eg er veldig fornøyd med den. Den er strikka i samme garn som sjalet, berre at eg har brukt dobbel tråd. Mønsteret er det samme som i Shetland triangle-sjalet.

I går fekk eg det for meg at det var på tide å rydde litt opp på badet.

DSC02226

Vips! Plutselig er det orden i smykkene og øyredobbane. :)

I den store korga ligg smykker, og øyredobbar med krok er hengt rundt. Den lille korga inneheld øyredobbar utan krok. Er faktisk så fornøyd at eg vurderer å hekle ei korg til å ha armbånd i… :)

Ha ei fantastisk veke alle saman!!

P.S. har du tips til kva me MÅ få med oss i London, legg igjen ein kommentar! :)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Shetland triangle goes to London

av HusmorNom in februar 28, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:, ,

Det nærmer seg avreise til London, og då treng ein sjølvsagt eit nytt sjal! :)

Eg bestemte meg for eit Shetland triangle, som eg har strikka sikkert 15 stk av tidlegare. Ville ha noko som gjekk kjapt, utan for mykje tankeverksemd. :)

DSC02221

 Skjerfet er strikka i eit tynt ullgarn. Eg trur det er Hifa, men er ikkje sikker, sidan eg kjøpte det på spole, på butikken som låg på togstasjonen i Bergen tidlegare. 

DSC02220

Heldigvis hadde eg nok garn til ei hue også, men den ligg og tørker etter ein svømmetur i Milo-vatn. Bilete kjem når den er tørr.

Til slutt, berre for å gni inn at eg skal til London:

DSC02222

 

 Ha ein strålande søndag alle saman!!!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Kaniner på reise

av HusmorNom in februar 27, 2010
Kategorier håndarbeid, strikking

Stikkord:,

I vinterferien er eg så heldig at eg skal reise til London!

Der skal me besøke familie til Husbond, og i denne familien bur det ei lita jente, og ein liten gut. godt oppdradt som eg er, vil eg sjølvsagt ha med meg noko til dei søte små.

Forrige laurdag var eg ein tur innom Panduro, og då såg eg dei søtaste kaninene som hang til utstilling. Desse var laga med quick knit-metoden. Eg har strømpepinnar, så eg fann ut at dette kunne eg klare. Som sagt så gjort!

DSC02219

Ein blå kanin til den lille prinsen

DSC02218

og ein rosa til den vesle prinsessa.

DSC02217

Her sit dei og koser seg ilag, og venter på å hoppe ned i kofferten. :)

No må eg berre skunde meg å strikke ferdig eit lilla Shetland Triangle, (som eg har omdøpt London Triangle) så er eg klar for tur!

Ha ei strålande helg alle saman!!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00